Hareid Elektriske Teknikk AS kjøper Møre Kontakt AS
Hareid Group-selskapet Hareid Elektriske Teknikk AS på Hareid, kjøper Møre Kontakt AS på Valderøya. Møre Kontakt AS har 6 tilsette og hadde ei omsetning på i overkant av Nok. 6 mill. i 2011.
Møre Kontakt AS vil verte integrert i Hareid Elektriske Teknikk AS si produksjonsavdeling i løpet av første halvår 2012. Vi har gjennom oppkjøpet styrka produksjonsavdelinga sin kompetanse, kapasitet og muligheit for god utvikling mot det landbaserte markedet , seier Tor Marthin Sørli - Dagleg leiar i Hareid Elektriske Teknikk AS.
Oppkjøpet av Møre Kontakt AS er ei viktig satsing for Hareid Group. Vi har stor tru på kompetansen i selskapet og gler oss over å ha fått nye dyktige kollegaer på plass. Saman med oss skal dei gjere oss til ein endå betre leverandør for gamle kundar av både Hareid Elektriske Teknikk AS og Møre Kontakt AS, og skape rom for nye, seier Ronald Dyrhol konsernsjef i Hareid Group.
Vi gler oss og ser fram til å vere med på den vidare utviklinga innafor dei ramene og muligheitene som ligg i det å vere del av eit større selskap, seier Hjalmar Roald - Dagleg leiar i Møre Kontakt AS.
For meir informasjon, kontakt:
Hareid Elektriske Teknikk AS, Dagleg leiar Tor Marthin Sørli
Mobil +47 918 83 800
E-post tms@hareidgroup.com
Møre Kontakt AS, Dagleg leiar Hjalmar Roald
Mobil +47 920 47 375
E-post hjal-r@morekontakt.no
Hareid Group (Hareid Elektriske AS), Konsernsjef Ronald Dyrhol
Mobil +47 900 60 874
E-post rd@hareidgroup.com




